Svenska Akademiens ordbok

Volum 20 til 35 av Svenska Akademiens ordbok, som kom ut mellom 1954 og 2010.

Svenska Akademiens ordbok, forkorta SAOB, er eit etymologisk oppslagsverk over det svenske språket som blir gitt ut av Svenska Akademien. Det er det største oppslagsverket som har vorte gjeve ut i Norden.

Ved opprettinga av Svenska Akademien i 1786, vart det slått fast i vedtektene det skulle skrivast ei svensk ordbok. Med visse avbrot har arbeidet gått føre seg sidan då. Anders Fredrik Dalin utarbeidde på oppdrag frå akademien eit førebuande utkast til ei svensk ordbok, ein så kalla ordboksstomme i åra 1852–1867. Denne stammen kom sidan til å ligge til grunn for det første bandet, som var ferdig først i 1898.

I oktober 2021 var akademiet komme til ordet åvägabringa.

Svenska Akademiens ordbok må ikkje forvekslast med Svenska Akademiens ordliste (SAOL) som er ei normativ rettskrivingsordliste for svensk, eller med den nyutkomne Svensk ordbok utgitt av Svenska Akademien (SO).

SAOB kan samanliknast med Ordbog over det danske sprog og Norsk Ordbok, men er langt større enn desse ordboksverka.

SAOB er gratis tilgjengeleg via internett.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search